Skip to content
1851–1924

Veslemøy lengtar

Arne Garborg

No stend ho steller i Kjøken-Kraa, ho Mor! ho er so gamal, ho er so graa, ho Mor.

Aa var eg Katten i mjuke Skind, som kjæla fær seg som Baane inn til ho Mor! Ho grev og putlar med Hit og Holk,

ho Mor; ho lagar Mat til sitt Slaattefolk, ho Mor. Aa var eg Breitle-Brit svart og svær,

som kvar ei Kvilestund svalla fær med ho Mor! Ho gjeng paa Tun i den stille Gard, ho Mor,

med kvike Sporv i sitt Fotefar, ho Mor. Aa var eg Sporven so glad og lett, fom høpp og dansar og sprett og skvett

um ho Mor! Ho likar Soli paa skrukne Kinn, ho Mor; ho likar Gavgula sval og linn,

ho Mor. Aa var eg Havgula frisk og fri, eg skulde svala mi heile Tid um ho Mor.

Men Gikt ho fær, som i Ryggen flyg, ho Mor, naar Vinden kald gjenom Kjøken syg, ho Mor.

Aa var eg Døri gamal og fæl, eg tett meg stengde og livde væl um ho Mor. Eg veit so væl, kva ho tenkjer paa,

ho Mor, naar der ved Gruva ho mødd maa staa, ho Mor. So tidt ho gløymer sitt Træl og Mas

og stirer ut gjenom Kjøkenglas, ‒ gjer ho Mor. Ho gløymer Stræv og ho gløymer Stell, ho Mor,

og stirer upp mot dei ville Fjell, ho Mor. “Kor gjeng det Veslemøy, arme Ting, som renna maa alle Berg i Kring?” ‒

spør ho Mor. Aa visste du, kor eg lengtar her, du Mor! ‒ Den brune Heidi, den fekk eg kjær,

du Mor! Her gjeng eg ør millom aude Fjell og græt meg i Svevn kvar einaste Kveld; aa du Mor!

Og alt er framandt og nytt og vondt, du Mor! det stirer kaldøygt ikring meg rundt, du Mor.

Her er kje Liv, som eg fritt kan tru, og ingen einaste er som du, ‒ du mi Mor! Aa tru den Tidi fekk rundt seg snutt,

du Mor! Eg reknar Time og kvart Minutt, du Mor! Aa kunde eg stiga med Sjumils-Steg

og sitja ei ørlita Stund hjaa deg, du mi Mor! ‒

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Veslemøy lengtar · Arne Garborg · Poetry Cove