Skip to content
1851–1924

Veslemøy

Arne Garborg

Ho er mager og myrk og mjaa med brune og reine Drag og Augo djupe og graa' og stilslegt, drømande Lag.

Det er som det halvt um halvt laag ein Svevn vver heile ho; i Rørsle, Tale og alt ho hev denne døyvde Ro.

Under Panna fager, men laag lyser Augo som bak ein Eim; det er fom dei stirande saag langt inn i ein annan Heim.

Ho gjeng aat fin Omnskraabenk og sét seg, men veit det knapt, og tek denne Mjølkeskjenk, og sit der roleg fortapt.

Berre Barmen gjeng sprengd og tung, og det bivrar um Munnen bleik. Ho er skjelvande sped og veik, midt i det ho er ven og ung.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Veslemøy · Arne Garborg · Poetry Cove