Skip to content
1851–1924

Ungdom

Arne Garborg

Det er Joletid; det er Annandag. Hjaa Gamlemor held dei sitt Danselag. Dit flokkar seg Gut og Gjente. Føre er fælt med Snø og med Slaps;

Vegarne er berre Grugg og Graps; men alle so er dei plente. Me veit for det er i Ungdomens Tid; etter all den kvardagsleg' Sut og Strid

ein Leik so hjarteleg smakar. Og Gleda er gjæv og Gleda er kjær; dei hoppar som Folar og Rundkast slær, og spenner i Golv, so det brakar.

Og Guten drikk seg eit lite Mot; so sullar dei fram paa dansande Fot og held seg i varme Hender. Aa hei! ropar Guten og svingar sin Arm,

og Gjenta smyg etter so sæl og varm og lær med dei kvite Tenner. Og Gleda svell i den unge Barm; gløymd er baade Strid og Suter og Harm,

og Livet stormar og strøymer. Hugen leifar og Auga lær, Elsken gløder, og Hjarta slær; det er Stunder, ein aldri gløymer.

Men vert det for mykje med Drykk og Braak, og vaknar Sinne med Slaasting og Staak, daa kjem han, den vonde Mannen. Og sit i Kraai og flirer og glor.

Og daa gjeng det laust med Meinferd og Mord, til dessmeir Hugnad for Fanden. Daa fer ei Uferd so mang ein Gut, og Gjenta kjem ut i Skam og i Sut,

og Gleda vendest til Vaade. Di skal me fagnast paa sømeleg Vis og all Tid gjeva vaar Herre Pris, som unner oss Liv og Naade.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ungdom · Arne Garborg · Poetry Cove