Skip to content
1851–1924

Troll-Dans

Arne Garborg

Det klakkar i Berg og Bru av Hov og av Heste-Sko; det traavar um Stein og Stuv, det trippar av Klauv og Klo;

og som naar Vindkast av Kam set Skodda i Flog og Flaum, so vrer Trollstimen fram i veltande Straum . . .

Det ringlar i rusta Laas, det piper i To og Kluft, det vler om Egg og Aas, det plistrari kalde Luft;

det kvin og skrik yver Hei; det er den Aelvites Slaatt, som jagar den ville Skrei i Dans gjenom Nott ...

Og rundt i Vilske det gjeng med Rop yver Stokk og Stein; det svingar med Svans; det sleng med Høver og Daudingbein;

og gnellande Heksemaal syng Visa til denne Vals med Skratt og kaatgalne Skraal or remjande Hals ‒:

Det var Troll til Troll i sitt harde Hold, det var Troll til Klo, denne Kloveberg-Gro;

ho trolla ein Gut, ho trolla 'n Knut, ho trolla Guten galen. Og Knut'en vart sta

og vilde ho ha, og fulla i Sveim og drog henne heim; og Resten ‒ hi-hi!

til Presten ‒ hi-hi! Det lo i heile Dalen. Men daa vart det Dans, daa ho fyrst var hans;

ho banna og beit, ho slo og ho sleit, og leika paa Voll med fitt Kloveberg-Troll,

so baade det lo og leet. Og Baani hans Knut, dei valde ho ut og gjødde dei vel

og stakk dei ihel og sette dei fram med Drykk og med Dram for Knut'en, som aat og greet.

Men lei ho vart til sist av all den Tvang og Tvist; der var kje Ro for Rove-Gro,

um baade ho gol og grein. Ho stengde Knut'en sin i svarte Kjellar inn og sette EI

paa Vegg og Tjeld, so høgt det til Himmels skein. Haa, haa, kor det brenn! Sjaa kor Logen stend!

Her reier me Seng, du Kloveberg-Dreng! Her luktar det heitt, her luktar det feitt,

her steikjer me Flesk til Joli. Kom Haugkall or i, her hev du meg fri; kom Djevlebukk kaat

og leika paa Trôt; kom Rise or Slott, her fær du det godt og varmt som Smør i Soli. – ‒ ‒

‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Veslemøy fæler. So stygg ein Song aldri høyrde ho nokon Gong. Men Trollskapen lær og dansar.

Flyg og flogsar med Staak og Styr som galne Dyr. Djevlar i Eufti tullar og flyr med Smell og svingande Svansar.

Nordljos sloknande skjelv og skin. Vinden tyter, og Slaatten kvin igjenom dei myrke Klufter. Kvin og yler med Skrik og Spott

villt gjenom Nott; Trolldansen tumlar seg graatt-i-graatt yver dei nakne Tufter. . . . Nye Tonar vaknar og skjelv.

Syng som Sus av den svævde Elv i drøymetunge Næter. Døyvt det klunkar som Tusfefpel i tronge Gil;

brusar fram som susande EI, og v i Notti græter. ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒

Fram dansar den Haugkall fager og blaa med Gullring um Haare, som fløymer; han giljar for Deslemøy til og fraa, og Tonar ikring honom strøymer.

Aa hildrande du! Med meg skal du bu; i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Der skal du hullast av Laat og Leik

og fager i Dansen skrida, og gløyma alt, som saara og sveik, og aldri lengta og lida. Kvart Unskje du daa

i Fagnad skal faa, og Møyarne mine deg tena maa. Den eine reider ditt brune Haar, den andre bind det i Knute;

den tridje Sylvfruna til deg naar; den fjorde jamnar di Pute; den femte so linn deg Solarne bind;

den sette veiftar ditt mjuke Kinn. Den sjuande spelar den Lange-Leik som Vinden i Skogarne susar; den ottande snur deg den føte Steik,

med' Øle i Staupe brusar; dei andre i Krans seg svingar i Dans og hullar og lullar din Hug og Sans.

Den niande lint dei Lokkarne kved um Møyar og giljande Sveinar; sjølv gjeng du Dronning i Dansen med i Glans av glimande Steinar.

Og ingen som du seg fagert kan snu, og ingen so lett traar den gyllte Bru.” “Og lite meg lokkar den Haugen blaa

med Glans i glimande Salar; min vene Guten eg her vil sjaa; so song det for meg i Dalar. Aa Guten min du!

paa deg vil eg tru, med deg vil eg byggja og altid bu!” “Og vil du vita den Guten blid, so sjaa deg att vver Herdi! ‒

Du ser han i Lofte med Gjenta si; der gløymer han heile Verdi. So hev han det godt kvar langande Nott,

og Haugtussa hev han til Spe og Spott.” Som Steinen stend ho i Gryet kaldt, og Hjarta stivnar og isnar; no ser ho det væl; no hugsar ho alt,

og Verdi for Veslemøy visnar. Ho vender seg graa. “No kan du meg faa. No kan eg gjerne i Haugen gaa.”

Høgt hoppar den Haugmann paa nakne Sva; han maa vel sin Lagnad prisa. “Men no skal du gløyma og vera glad. Fylg med, so skal eg deg visa

min Herredom stor i Berg og i Jord, og Gumle den gamle med Visdomsord!”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Troll-Dans · Arne Garborg · Poetry Cove