Skip to content
1851–1924

[Til deg, du hei og bleike myr]

Arne Garborg

Til deg, du Hei og bleike Myr med Bukkeblad, der Hegre stig og Heilo flyr, eg gjev mitt Kvad.

Til deg, du visne Lyng um Haug, der Draumar sviv, eg gjev min Song um Dimd og Draug og dulde Liv.

Eg kjenner deg, du Trollheim graa, du Skugge-Natt! Eg rømde rædd; men stundom maa eg sjaa deg att.

Eg kjenner deg, du Havsens Marm, med Galdre-Song; du gauv meg Gru i rædde Barm so mang ein Gong.

Eg kjenner Striden tung og sein mot Trolldoms Vald. Gud hjelpe oss for brotne Bein og Mannefall!

Sg kjenner deg, ‒ eg kjenner deg, som ikkje vann! ‒ Eg saag din Strid, eg veit din Veg i Skugge-Land.

Eg røynde sjølv den Striden stygg i mange Aar, med ville Mot, med bøygde Rygg, med svære Saar.

Du um meg sviv, du hjaa meg sit, du arme Aand! I meg du enno riv og slit i dine Baand.

Eg veit det væl: dei sterke Troll, den Vilje rik; ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll, sløkkt i eit Skrik. ‒

Men Lerka stig fraa gløymde Grav med Sigers Ljod, og Vinden stryker inn av Hav so frisk og god.

Og um me kjenner Graat og Gru og Saknad saar, so maa me Lerkesongen tru, som lovar Vaar.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
[Til deg, du hei og bleike myr] · Arne Garborg · Poetry Cove