“ ‒ Nei Mor, det kan du tru med Lit;
eg misste korkje Hugs hell Vit.
D' er ingen Draum, eg fer i.
Nei; væl eg veit, for fyrste Gong
eg saag inn gjenom Glytten trong
inn i den andre Verdi.”
‒ “Daa fekk du Feigmanns-Gjerdi.”
“Syt ikkje, Mor, for Veslemøy!
Det er kje eg, som burt skal døy
og meg i Naa-Ham hylja.
Men Bror din hev du misst i Kveld.
Eg møtte han i Grave-Dæld.
Han skein som Moreld-Bylgja.”
‒ “Aa, den, som kunde fylgja!”
“Det myrkna yver Haug og Hei,
og Skoming dulde Lengd og Lei.
Eg gjekk med Gud i Tankar.
Daa vart det stillt som djupt i Grav.
Det var som Verdi sovna av.
For Øyro Blodet banfar . . .”
‒ “Alt Dult i Myrkre vankar.”
“Eg vart kje rædd. Eg undrast smaatt . . .
Daa ljosna fram av tette Nott
ein Mann i Maaneskins-Lakan.
Eg kjend' han væl og venta stillt.
“Far væl”, han kviskra kvævt og mildt.
Og burt i Lufti rak han.”
‒ “Gud i din Himmel, tak han!”
“Daa var det som eg lukta Lik,
og høgt i Heii gól eit Skrik.
Eg vitlaus vart og fæli
og sprang i Ørska villt min Veg,
til glad eg her fekk finna deg.
men Minne er eg sæl i.”
‒ “Gud evig glede Sjæli!”