“Det fyrste Krav, det er?” ‒ Sjaa ut som dei andre i all di Ferd. “Det andre og du fann?” ‒ Banna i Hjarta Gud og Mann.
“Og veit du mitt tridje Yrkje?” – Gakk kvar den Sundag til Kyrkje. “So nemne du meg det fjorde?” ‒ Hald altid med dei Store.
“Det femte?” ‒ Spar ikkje den, fom i Vegen for deg stend! “Det sette?”
‒ Ver eit Svin, men utantil blank og fin. “Det sjuande?” – Cat dei andre træla;
du lever stort av i Løynd aa stela. “Det ottande?” ‒ Beste Verja, det er aa ljuga og sverja.
“Det niande?” ‒ Sløg du vere og snar, naar Teften du fær av Annanmanns Gard. “Det tiande Krav?”
‒ Din Granne svika, i stort og i smaatt, du altid maa lika. Og Visdomens Grunn, fekk den du fat? ‒ “Aldri du gløyme det store Hât!”
“Kva trur du?” ‒ Eg trur og i Sanning finn, at altid til Slutten det vonde vinn. “Kva bed dud”
‒ At aldri i all si Tid denne vonde Verdi maa betre bli. “Nemn meg so det du høgast vil?” ‒ Eiga Verdi og høyra ho til.
“Er denne Viljen din heil og all?” ‒ med Blod vil eg skriva meg deg i Vald. “Og sidan?” – At denne Pakti kan staa,
vil kvart Aar her eg til Alters gaa. Trollmanns-Emne legg seg paa Kne; daa stig eit Glede-Rop sterkt som Stormsus i gamle Tre
upp fraa den heile Hop. “Han hev Trui! Han er som me! Inn i Flokken!” Fanden Firkloi lyfter,
svér ved den namnlause Store: “fraa i Nott hev du Magti mi, det vere her deg svore! No eg tek deg for all di Tid
inn i Flokken!”
Cookies on Poetry Cove