Skip to content
1851–1924

Sundagsro

Arne Garborg

Frosten knakar i Nov og Vegg; Soli gløser og søv og legg

fit Eldskin raudt yver Snøen. Frostskodda heng som svivande Bru yver Isar og Hei

i Upp og i Sud; men fri ligg vinterstill Bøen. Inne ho Gamlemor brille-klok

ved Bordkanten uppe lês i si Bok og tenkjer paa siste Ferdi. Ved Omnen jønnraud

Ungdomen sit og steikjer Skivur og knaskar og ét; det er det beste i Verdi.

“Kva er det, som tyt og aldri tegjer i villande Hei?” “Bekken han tyt og aldri tegjer paa langande Lei.”

“Kva er det, som høgger heile Dagen, og Flis ikkje fell?” “Klokka ho tikkar heile Dagen og lange Kveld.”

“Stova full av den graae Ull, som ingen kan taka?” “Røyken er denne lette Ull, som ingen kan maka.”

“Det kjennest paa mjuke Kattesnute baade varmt og kaldt; d'er ikkje inne og ikkje ute, men tekt yver alt?”

“Og ikkje inne og inkje ute, baade varmt og kaldt, det er i Glaset den klaare Rute med Tak vver alt.”

“Rundt som eit Egg og langande langt som ein Kyrkjeveg?" “Garn-Nyste er baade rundt og langt, kan eg seia deg.”

“Fire heng og fire gjeng, naar Lauvet det spretter; tvo stend i Sky, tvo finn Degen til By, og ein diltar etter?”

“Kui med Jure paa fire gjeng, naar Lauve det spretter; Honn stend i Sky, Augo ser imot By, men Rova sleng etter.”

“Brunt i Roti det lær til deg, men kvitt uppi Toppen; under eit Aaklæ det spelar seg og gjer godt i Kroppen?”

“Ny-Ølet æser og brunt seg dreg med Skumhatt paa Toppen; i aaklæ-tekt Kjer so spelar det seg, og gjer godt i Kroppen.”

“Um Vinteren veks eit underlegt Tre, men minkar um Vaaren. Roti snur upp og Toppen ned, og smal er han skoren?”

“Jokulen er dette Vinter-Tre, som minkar um Vaaren; han heng under Take med Toppen ned, og smal er han skoren.”

“Vaar Herre han fær det aldri sjaa, men me ser det kvar Dag” “Sin Jamlike er det, han ei fær sjaa, men som me ser kvar Dag.”

“Rotlaust veks det av lange Røter. Um Dagen det skrid paa tvo, men til Morgons paa fire Foter, um Kvelden paa tri?”

“Mannen veks rotlaus av lange Røter fraa Adam av. Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føter, men sist med Stav.”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Sundagsro · Arne Garborg · Poetry Cove