Aa stakkars vesle Hare
so fin og silkeklædd,
Gud veit, kor du hev fare,
med di du er so rædd ?
Du spretter og du skvetter
so hovdelaus i Kring;
kva er du renner etter
og snøgg i Hol deg sting,
arme Ting!
Her er so god ein Sumar
med Hus i kvar ein Busk
og Lauv og friske Kumar
aat slik ein liten Trusk.
No skal me vera kvate
i slik ei Solskinsstund;
no skal me vera late
og taka oss i Lund
lette Blund.
Du er so brun og lekker
i Sumarkjolen din;
d'er berre du for klekk er
te vera Guten min.
Men vil du glad meg gjera,
so hoppa her i Li,
og Vener ska me vera
og Vener skal me bli
all vaar Tid.