Her er som villaste Røys og Ur,
so vidt som Auga kan vinna;
men Gudskjelov! naar eg rett meg snur,
so kan eg Have finna.
Aa Gud vælsigne den blanke Rand,
som ringar seg blaa der ute!
Og Gud vælsigne kvar Siglarmann
og kvar den symjande Skute!
Men hu, denne Fjeld-Ur med Kamp og Koll
i villaste Dill-Røys slengde, ‒
det er som ei herjande Horg av Troll,
av Tora slegne og sprengde.
Og Nos og Nabbe og vide Stakk
og Hausar rullande runde,
d'er Gygr og Rise, som sprang og sprakk
i solblanke Morgonstundi.
Dei staaka og stangast i harde Tak
mot Gudar og ljose Sveinar;
men ned dei ramla med Røyk og Brak
som Bergbrôt og Kampesteinar.
Og Armar datt yver krøkte Bein
og Haus millom Bolar lange;
so veltest ihop denne Verd av Stein,
av Skoltar og Brôti mange.
I Logn under bratte Bergvegg-Stup,
der søv dei svarte Votni;
dei glor som glimande kalde Glup
med falske Underbotn i.
Naar stilt det rigner i myrke Kveld
vil Nøkken i Vassmaal driva;
han uler fælt millom aude Fjell,
naar nokon snart skal bliva.
Aa hu, for skræmeleg Graasteins-Ur;
ho vil meg med Trolldom binda;
men Gudskjelov! naar eg rett meg snur,
so kan eg Have finna.