Skip to content
1851–1924

Mot Solegla

Arne Garborg

Det stig av Hav eit Alveland med Tind og Mo; det kviler klaart mot Himmelrand i kveldblaa Ro.

Eg saag det tidt som sveipt i Eim bak Havdis graa; det er ein huld, ein heilag Heim, me ei kan naa.

Ho søv, den fine Tinderad i Draume-Bann; men so ei Stund ved Solegla ho kjem i Brand.

Naar Dagen fig som EI og Blod i Blaae-Myr, det logar upp med Glim og Glo og Æventyr.

Det brenn i Bræ og skjelv og skin med gyllne Bragd, og Lufti glø'r i Glans av Vin, Sylv og Smaragd.

Men av han døyr, den bleike Brand som slokna Glo, og klaart som fyrr ligg Alveland i kveldblaa Ro.

Eg lengta tidt paa trøytte Deg der ut til Fred; men Lande fyrst kan syna seg, naar Sol gjeng ned.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Mot Solegla · Arne Garborg · Poetry Cove