Skip to content
1851–1924

Maaneskinsmøyarne

Arne Garborg

Jordi søv i sitt Vinterlin. Bjørki den unge, rimkvit og fin stend som i Sylve skôri, elder som bygd av Stjerneskin.

Jordi søv i sin Vinterblund. Maanen lyser paa Himmelrund. Tusund av Diamantar glimar um Grein i den frosne Lund.

Braakveikt blenkjande, straalerein lyner den Glitring um Kvist og Grein. Det er liksom Lunden livde, straadd med Perlur og Glimestein.

Stirande inn i den sylvblaa Glans Veslemøy stend utan Hugs og Sans; daa ser ho med ein Gong Møyar, kvite Møyar, som gjeng i Dans.

Kvite Møyar, som gjeng i Ring; stille sviv dei i stive Sving. Det er som ein Dans i Draumar til Takt av lette Sylvklokkekling.

Bygde er dei av Lufti blaa; Kjolar av Maaneflor hev dei paa, sauma med Stjerneglitter, løynande lett dei Barmar smaa'.

Haare flyt i vallande Flaum ned yver Rygg som ein sylvgraa Straum. Matt yver bleike Dangar Stjerne-Augo i stille Draum.

Aldri saag dei den varme Dag; stilt der er i det Ungdomslag. Stivt dei i Dansen smiler. Kalde søv desse Andlits-Drag.

Lengje tryllt maa Veslemøy staa, drøymd den Dansen stirande paa. Daa nikkar dei som til Helsing, og kverv i Luft som ein Frostrøyk graa.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Maaneskinsmøyarne · Arne Garborg · Poetry Cove