Moøte. Ho sit ein Sundag lengtande i Ei; det flrøymer paa med desse føte Tankar, og Kjarta fullt og tungt i Barmen bankar,
og Draumen vaknar, bivrande og blid. Daa gjeng det som ei Hildring vver Nuten; ho raudner heit; – der kjem den vene Guten. Burt vil ho gøyma seg i Ørffa braa,
men stoggar tryllt og Augo mot han vender; dei tek einannan i dei varme Hender og stend so der og veit feg inkje Raad. Daa bryt ho ut i dette Undringsord:
«men snilde deg daa . . . at du er so stor!» Han smiler rand og strekkjer Ced og Legg; «det er vel jo, naar Guten Kar maa vera, han lærer og som vaksen Kar seg bera.»
, Og tenf, eg trur at du hev fengje Skjegg!» – «Det var der fyrr,» han svarar stø og sann; «men kanskje hev det vakse litegrand.» Han mjuk seg ned attunder Steinen slengjer,
og upp or Lumma Nistemat han dreg; og gild han vera skal som andre Drengjer: «sjaa her er Egg! Dei tok eg med til deg.» Ho lær og set seg, so ho just kan sjaa han.
I Barm det gjeng; ho fær fje Augo fraa han. So sit dei der i denne varme Dag; han lentug er, og ho maa læ i eino; ho er so glad som Fuglen millom Greino,
men kan kje koma rett i Svalle-Lag. No, daa dei just skal hava gildt og Gaman, ho sit der hjelpelaus og er som framand. Han bed um Sogur, men kan inkje faa;
alt det, ho stundom saag og langsynt drøymde, det kan ho liksom ikkje koma paa; det er som alle slike Ting ho gløymde. «Nei lat no Trolli,» bed ho, «gaa for seg.
I Dag eg helder høyra vil paa deg.» Han gjerne daa fortél um Skarebrote, der upp han vaks, og som han ein Gong fær; dei fire Kyr skal maklegt føda der,
naar han fær stelt det paa den rette Maate. Kvart Ord, han seier, kan so trygt ho lita paa, og alt ho spør um; alle Ting ho vita maa. So dreg dei rundt um Ei og logne Strender
med snilde Smale og den kloke Ku, og naar eit Bil dei kan seg trygge tru, so tek dei Fisk i Bekk med berre Hender. Den steikjer dei paa Glo som best dei rekk
og tømer so den gode Nistesekk. D'er gildt! – naar berre ikkje dette var, at ingen av dei lenger fri og kyrr den andre kan i Augo sjaa som fyrr; –
han og er brydd, som skulde vera Kar . . . Naar berre ikkje dette eine skilde, aa nei, so godt som daa det vera vilde! Men upp det dreg, og døyvde Toremaal
i Bergi brumlar; snart vil Regne driva; ved Gjætleberge snøgt dei maa seg liva; der under Heller er eit Livdehol. Det er kje stort; just so det væl er vitjande.
Der inn dei kryler, og der vert dei sitjande. Og som det lid til svale Kveldings Stund, alt meir og meir i Lengt dei saman fofjer, og braadt um Hals den unge Arm seg krøkjer,
og øre skjelv dei saman Munn mot Munn. Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm i heite Sæle søv ho i hans Arm.
Cookies on Poetry Cove