Snøen fell
i graae Kveld
stilt or mjuke Lufti.
Stilt og tett,
lint og lett,
legg som Dunseng mjuk og slett
dunkvit yver Tufti.
Veslemøy
vondlar Høy
i den myrka Løa.
Nisselaatt
kvesar smaatt;
Tuftekall seg likar godt,
naar Buskap fær si Føda.
Gamal Kar
han er i Gard;
strengt han all Ting agtar.
Fylgde blid
fraa fyrste Tid
med i baade Stræv og Strid,
og helft han Hoose vaktar.
Difor og
veit han fjaag
kva han hev i Vente.
Graae-Kropp,
Raue-Topp
kvar den Kveld fin Mjølke-Kopp
fær av snilde Gjente.
Mat ho ber
til Kui kjær,
og kvar og ei ho kjæler.
Gjerne ho
stullar so;
altid var ho dyregod
og aldri Nissen fæler.
Varme Brunn
til tyrste Munn
hit fraa Eldhus ber ho.
Fær so snøgt
Ljos i Lykt,
mjølkar Kui lognt og trygt,
og breddfull Bytta fær ho.
Stelt og god
Rui so
roar seg til Nattenn'.
Jortar smaatt,
legg seg godt;
Tuften kjem med enn ein Dott;
dansar so med Katten.