Skip to content
1851–1924

Ku-Lokk

Arne Garborg

Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi! Her sviv me no glade um Sumars Tid; i Fjelle finn me dei finaste Straa; i Dalen strøymer den stride Aa.

Og Vinden stryker so ljuv og linn som signande Sus fraa den klaare Tind. Aa Kyri mi gode, aa Kyri mi! Her skal du vel trivast i grøne i;

her sildrar Kjeldva med Surl og Skval, og Grase er mjukt og Skuggen sval. Ja Nordanaas-Lidi, der er det godt; der gjæter Huldri kvar einaste Nott.

Aa Kyri mi snilde, aa Kyri mi, aa hav det no godt denne vesle Ri! Eg Ormen skal jaga, som bit din Legg, og Fluge og My, og stingande Klegg.

Og Dagen skal gaa som den lette Vals, og vil du kvila, eg klaar din Hals. So lyer dei etter ditt Klokkespel, naar heim me stundar ved Solegladsbøl;

daa kjem du so god med ditt fulle Jur og slikkar ditt Salt framved Kjøken-Mur. So vert du mjølka og gjeng i Kve og jortar og drøymer og søv i Fred.

Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi! Drøym godt um meg og den grøne Li! Der sullar me sæle den Sumar lang; til Hausten skal me paa Heimevang.

Daa kjem du til Gards som ei Dronning du, og alle ropar: aa nei, for Ku!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ku-Lokk · Arne Garborg · Poetry Cove