Skip to content
1851–1924

Kor hev det seg?

Arne Garborg

Kor hev det vorte Veslemøy no. Eg kjenner meg ikkje. Eg var ikkje so. Eg gjekk her trygg og tulla og sprang og visste kje av, at Dagen var lang.

Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa den Tid, eg kan ikkje meir forstaa. Den same gjeng eg, i same Ferd, men d'er som eg var i ei onnor Verd.

Alt ser eg og hugsar, som daa eg saag; men stur er eg no, der fyrr eg var fjaag. Alt er det gamle, i Hus og Gard, men annleis, annleis en fyrr det var.

Heimen ligg paa den same Flekk; ho Mor gjeng tuslar, som fyrr ho gjekk. Men tom stend Heimen forutan Ord, og framand vart mest mi eigi Mor.

Framand er Hei og framand er Myr; framand tyfjeft meg Katt og Kyr. Framandt glor det sin eigen Veg; vil meg kje noko. Kjenner kje meg.

Stova gleiner so kald og graa; audt og stuslegt det er i Kraa. Som vali gjeng eg paa Hand og Fot; alt fell meg so tungt. Alt er meg imot.

I Glaskarmen heng eg og stirer stur, lengtar, lengtar som Fugl i Bur. Men ingen aa sjaa paa Veg elder Vang. ‒Jau no hev eg lært, at Dagen er lang.

Aa, denne Heimen so god og kyrr; aa, her, som eg treivst so hjarteleg fyrr! ‒ Nei Mor; eg kan ikkje vera glad. Hugen min er paa ein annan Stad!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Kor hev det seg? · Arne Garborg · Poetry Cove