Skip to content
1851–1924

Killingdans

Arne Garborg

Killingdans. Aa hipp og hoppe, og tipp og toppe paa denne Dag;

aa nipp og nappe, og tripp og trappe i slikt eit Lag. Og det er Kjæl-i-Sol,

og det er Spel-i-Sol, og det er Titr-i-Li, og det er Glitr-i-Li, og det er Kjæte

og Lurvelæte ein Solisinsdag. Aa nupp i Nakken, og stup i Bakken

og tipp paa Taa; aa reff i Ringen, og svipp i Svingen, og hopp-i-haa.

Og det er Sleik-i-Sol, og det er Leik-i-Sol, og det er Glim-i-Li, og det er Stim-i-Li,

og det er Kvitter og Bekkje-Glitter og lognt i Kraa. Aa trapp og tralle,

og Puff i Skalle, den skal du ha. Og snipp og snute, og Kyss paa Trute,

den kan du ta. Og det er Rull-i-Ring, og det er Sull-i-Sving, og det er Lett-paa-Taa,

og det er Sprett-paa-Taa, og det er hei-san, og det er hopp-san og tra-la-la.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Killingdans · Arne Garborg · Poetry Cove