Ho stend for Glase, der Regne dryp.
Ved Barmen hev ho ein Daudingklyp.
Daa vaknar paa nytt det kalde Agg;
ho paa seg riv fine Kyrkjeplagg.
I Linduk legg ho den Beinstubb inn
og hastar til Kyrkja i Skodd og Vind.
Der grev ho aat Beine so trygt eit Reir.
Men daa ho skal sjaa, ho hev det kje meir.
Som klumsa stend ho, leitar og bed;
men burte er Duken, og Beine med.
Daa kolnar ho burt, daa er ho kje glad;
ho grev og leitar paa all den Stad.
Ho grev og leitar med ville Mot;
ho grev, til det blø'r under Neglerot.
Ho leitar, til Haandi er blaa og stinn;
men burte er burte. Ho inkje finn.
Daa tuslar det burte i Kyrkjegardskrok.
Der stod ein Graakall, i Laatt seg skok.
“Det skal du ha, du! haa-haa! hi-hi!
‒ I Gaarkveld gløymde du Mjølki mi!”
Burte er han paa lette Legg.
Vinden yler um Kyrkjevegg.
Einsleg stend ho i raadlaus Gru;
Vinden dundrar i Kyrkjebu.
Det javlar i Jordi, tonlaust og matt:
“Beine stal du ‒ gjev meg det aatt . . .”
Ho veit ikkje ut, ho veit ikkje inn;
Skodda myrknar um Kyrkjetind.
Av Grav seg tøygjer ein Arm so lang . . .
Ho skrik av Rædsle og set paa Sprang.