Skip to content
1851–1924

I Blaahaug

Arne Garborg

Vaat heng den tunge Lufti. Det dryp av Kviftar og Runnar. Myrkeskodd velter ollande inn or Hav og Himmel-Grunnar

som Skuggen lett og som Notti stinn. Burt kvervest Taarn og Tufter og Haugar og alle Bøar. Som gløypt og gøymt av dei store Votn

ligg Land under Taakesjøar. Alt er som laag det paa Havsens Botn. I lyngsvarte Markjer inne Veslemøy Smalen sankar.

Eit Havbrak susar fraa Vestansjø med Tôt og tunge Tankar. Ho glett i Holke og Flekkesnø. I Skodda inn ho hildrast

og um paa Villheii tumlar; dregst av Rop og flakkande Ljom og Gulp, som or Aai mumlar. Det vaknar og liver med Tussedom.

Upp or dei djupe Hyljar stig som glidande Skuggar Nokken blaa paa sin halve Hest og Vasø–troll med vaate Luggar.

Dei okar seg fram som dei orkar best. Or Haug og blaae Heller rid lange Rader og Reider fram yver flekkutt Grôvemyr

og inn dei lange Leider med Om av Ringling og Rop og Styr. Som der ho gjeng i Draumar og slitst av dei saare Minne,

so stend ho uppi ein Alvedans-Ring og er der som mana inne med Skodda tett som ein Vegg i Kring. Vâr ho lyfter si Augne-Brun;

daa er ho innpaa eit Kongsgards-Tun. Still ligg Garden i stengde Trygd, maaneskinsljos, i ein Firkant bygd. Tune er som ei Mose-Eng;

Svalgangar breide ikringum gjeng. Rausti er blaae med gylte Flak; Sular av Sylv ber det høge Tak. Bogar svære Sularne bind;

d'er Orm og Drake, i Bugt seg vind. Slotte lyser, i Hogdi strekt, med berre skinande Kopar tekt. Taarn seg lyfter med Glim og Tir;

Gullhanar glor paa dei høge Spir. Som der ho stend, fortenkt og fortryllt, er heile Tune av Hoffmenn fyllt. Det lyser av Gull, det glitrar av Stein;

det ringlar med Perlur og Elfenbein. Fagre Møyar i kvite Lin av Sylgjur og Lad og Gulldobbar skin. Daa tinklar det stilt som Bjøllur smaa',

so vent, at Veslemøy graata maa. Og upp det stryk med so vill ein Slaatt; Veslemøy er millom Graat og Laatt. Sift kjem det ein Lund so sæl og so blid;

ho var kje so glad i si heile Tid. Fram dansar dei Møyar i ljose Rad: “her kan du altid faa vera glad. Der ser du Kongen; vil her du vera,

skal Dronning-Krune og Krans du bera.” Veslemøy ser den Haugkallen blaa Konge staut i Svalgangen staa. Kruna lyser som raude Glo;

Purpure er som det heite Blod. Kongsstaven skin av brennande Stein, fom Elden gul og som Eogen rein. Herleg er Kongen, fager og gild; ‒

all denne Stordom ho eiga vil. Dansen gjeng yver Tune kaat; Tonarne lokkar som Felelaat. Aldri var ho so ør og glad; ‒

daa Møyarne spurde, so svara ho Ja. Det er dei Møyar i kvite Lin; dei flir henne Staupe, breddfullt med Vin. “Drikk, so opnar seg Kongens Borg!

Drikk, so gløymer du all di Sorg. Drikk av Staupe, og drikk det ut! Daa gløymest den hardaste Hjartesut. Tenk deg kje um, men gjer som me song!

bod Nyst deg dette for siste Gong!” Veslemøy bleiknar um brune Kinn; det gjekk henne kaldt gjenom Hug og Sinn. Veslemøy bleiknar um brune Vangar;

Tanken vaknar, og Minne fangar. “Skal burt eg gløyma mi Hjartesut?” ‒ “All di Sorg den sløkkjer me ut.” “Sløkkjer de Elden, som heitast brenner?”

‒ “Naar Staupe er tømt, du inkje kjenner.” “Ja vil de sløkkja den Suti heit, ‒ den kan eg kje missa for alt eg veit. Og fyrr eg vil fleppa den Suti hard,

fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard. Og fyrr eg vil gløyma den Sorg, som brenn, fyrr gjeng eg som Narr i mi heile Grend. Ja fyrr eg vil gløyma Guten, eg fann,

fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand! Ingen annan fær meg i Famn; ‒ no riv eg meg laus i Jesu Namn.” ‒ Alt er burte. I Skodda sansar

ho just som ein Skimt av kvervande Svansar.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
I Blaahaug · Arne Garborg · Poetry Cove