Daa vart det sagt eit lite Ord;
ho høyrde grant, det kviskra Mor.
Daa vart det stilt i Bringa.
Kva hev ho tenkt? Kor vil ho gaa ?
Ho aldri meir kan Mor si sjaa.
Her er kje langt aa tinga.
Ho maa i Hølen springa.
Ho stend som sprengd av Synd og Skam.
Daa stiger stilt ein Skapnad fram,
meir kvit en alle Fenner.
Rik fell den ljose Kaapa ned.
Deslemøy sig med Rop i Kne.
Fram gjev ho rædde Hender; ‒
si Syster att ho kjenner.
“Aa kjære Syster, sæle Møy!
aa hjelp! no maa eg Dauden døy;
eg gav det vonde Magti!
Eg ligg i Synd og Satans Vald.
Han hev paa meg so fast eit Hald.
Eg somna av paa Vakti;
eg svor den vonde Pakti!”
“Vend deg til den, som Sol hev skapt.
Enn er du ikkje reint fortapt,
du arme Syster kjære!
Reis deg med Magt og ut deg rykk!
Gjev att, gjev att den Synde-Drykk!
Det store Taal du lære!
‒ Du ut er vald til Ære.”
Burt sloknar Syn og stille Kvad.
Men Gislang stend i Hjarta glad
med Von og Vigsels Taare.
I svære Strid ho yver vinn.
Det vaknar Mot i mødde Sinn.
Ut, ut av Fall og Faare! ‒
Høgt bed ho Fadervaare.
Dei trøytte Føter Vegen snur.
Ho finn det svarte Heksebur,
og Døri upp ho river.
“Eg vil kje eiga Hjelp av deg!
Eg vender um fraa denne Veg!” ‒
Og Flaska inn ho hiver,
so Glo og Gneiftar driver.