Ho tuslar stur i Kring
og lite mæler
og frys um tronge Bring
og ymist fæler.
Skal snart ho av og bu
paa Drauge-Øyar?
Kva vil dei henne tru,
dei bleike Møyar?
Ho gjeng i kalde Vind,
men heit maa brenna.
Den vonde Styngen sin
ho att fær kjenna.
Imillom Ku og Lam
ho gjeng og drøymer
og vimar att og fram
og all Ting gløymer.
Ein Sundag med si Mor
ho gjeng til Kyrkja
og vil med heilagt Ord
sin Vanhug styrkja.
Det heng fraa Have inn
med Musk og Væte.
Døyvt syng i Skodda stinn
det Klokke-Læte.
Der millom Grefter sein
og hugtung rek ho.
Der ligg eit morkje Bein;
det til seg tek ho.
Ved Barm, med vyrdsam Agt
ho vil det liva;
det skal den vonde Magt
fraa henne driva.