Ein Dag dei spurde
med Kolning um Munn,
at Mannen var daaen
i same Stund,
ja just i den same Time.
Daa skalv den unge
i Hug og Hold:
“no maa eg sjaa
baade Draug og Troll
og Gasten med Haari lange!”
“Gud trøyste deg daa,
du Veslemøy;
det vøre deg betre
du maatte døy,
so fingje du Fred i Jordi!”
“Aa helder vil eg
med Augo sjaa,
en dauv og blind
gjenom Derdi gaa
og ikkje det sanne skilja!” ‒
‒ Sidan saag ho
i Haug, paa Voll,
baade Nisse og Nøkk,
baade Draug og Troll
og Gasten med Haari lange.
Tidt mumlande gjekk ho
med myrke Ord
og skræmde stundom
si eigi Mor;
dei sa, ho vanta paa Vite.
I Lyngmarki nord
millom Haugar tri,
der gjekk ho gjætte
si meste Tid.
Og “Haugtussa” vart ho heitand'.