Langt inne, djupt i Skarefjell-Brunn
seg holar ein Hall av Kopar;
han kvelver irgrøn fin høge Rund
med Glim av glidande Dropar.
Eit Blaa-Skimmer gløser som halvt i Blund.
Det tiklar og siklar og renn og dryp
der rundt i Kræerne skome;
det kvislar kvævt av Firfisle-Kryp;
det gjeng som Geisping i Rome.
Der Lyngormen søv med sin Spord i Glyp.
Her inne i løyndaste Myrke-Kraa
sit Gumle i Tiderne lange.
Som turre Tre-Rot han er aa sjaa
med Lemerne vredne og vrange.
Um Hausen gror Steinrot og Mose graa.
“Du Gumle gamle i Gnavlehôl!”
kved Haugkall med Mæle skrinne;
“du vakne og mumle ditt Gumle-Maal!
det maa ikkje gaa av Minne.
No Ungdomen kved berre Rask og Raal.”
Daa dreg det upp som Klokke til Slag
i Halsen visne og turre;
det gnidkar og gneg som Bor og Sag
og mél som i Katt og Knurre.
Og Gumle-Maal losnar i lange Drag.