Skip to content
1851–1924

Gamlemor ventar

Arne Garborg

I mjuke Kôle-Ljose ved Omnen glødd og varm ho Gamlemor snur paa Rokken sin og tøygjer den magre Arm.

Um skrinne, skrale Lekam ligg Kjolen grov av Ull. Hovue bøygjer seg, sveipt i svart, ‒ ein nikkande Klædetull.

Med skrukne Knokehandi ho dreg den lange Traad. Rokken knurrar sin gamle Song, som lite ho høyrer paa.

Rundt Golv um gamle Veggjer som Bøyg i krullad Ring gaper den skome Skugge-Nott og gløyper alle Ting.

Viker og framratt dreg seg or Myrkeheimen stor og blundar stilt og geispar tomt og drøymer rædd og glor.

Upp av den graae Skóming stig som ein Aand or Grav Skuggen av den Gamle sjølv vinkande att og av.

Og Rokkeskuggen sviver paa Veggen skakk og graa, og Hovu-Tullen nikkar smaatt mot Rokken til og fraa.

Og Kôla brenn so dauvleg, og Kôla brenn so blaatt; ho tekst med tunge Tankar: er noko tids i Nott?

Det græt um verne ute, det dunkar i Degg og smell; ei Uro prikkar i Barmen: er noko tids i Kveld?

Daa stansar Rokken braadt, og Kroppen Iver stiv; ‒ ho høyrer Stig; det spring som galdt det Sjæl og Liv.

Ho høyrer Støn og Sukk og strøypte Andedrag; ho høyrer Bøn til Gud og liksom Hjarteslag.

Ho reiser seg og gjeng uroleg att og fram og krossar seg og bed: “aa Jesus, du Guds Lam”

Og Klokka gjeng so seint, og Klokka gjeng so smaatt, og Klokka døyr og stansar. ‒ “Aa gjer det fredt i nott!”

Og ute er det svart, og ute er det styggt, og ute uler Vinden; ‒ “aa gjer det fredt og trygt!

Og midt paa svarte Hei, der flyg den Arming no med Ryggen kald av Rædsle; aa send ho heim i Ro!

Eg høyrer inkje meir . . . Aa, lat kje noko skje! Aa send mi Veslemøy til Mor si heim med Fred!”

Daa høyrer ho paa nytt den same skræmde Gang, det same Andetak, det same Livsens Sprang.

Upp Døri flyg med Brak; inn stuper Gjenta kvit med Munnen turr og open, med Augo utan Dit . . .

“Mor . . . Mor, eg er so rædd. Her er so styggt og svart. Og, du, ‒ i Grave-Hei, der saag eg noko rart”

“So, Baan; her er du trygg. Her naar deg ingen Draug. Kom, set deg. Vart du skræmd? Eg høyrde, kor du flaug.

Her; drikk ein Drope Mjolk. Og roa deg ei Ri. ‒ Eg kvakk! So væl eg aldri visst høyrde Fylgja di.”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Gamlemor ventar · Arne Garborg · Poetry Cove