Veslemøy ligg og drøymer
i Morgonstundi graa
og fer si sæle Syster
for Sengebenken staa.
Mjukt fløymer det kvite Lakan
ikring den Skapnad fin;
so vent det skimrar og lyser
med underlegt Bivreskin.
Eit Staup av Sylve klaare
i magre Hand ho ber.
Dei store stille Augo
med Sorg paa Veslemøy ser.
“Du arme, unge Syster!”
ho kved med kjærleg Sut,
“her er den Kalken djupe,
som du skal tøma ut.
Du hev den tyngste Lagnad,
som nokon her kan faa.
Det som i Nott seg løyner,
det skal du skilja og sjaa.
Di legg det svikefulle
Snaarur i Vegen din
og lillar lint og lokkar
og tryller ditt unge Sinn.
Aa sjaa deg, sjaa deg fyre!
Du hev so myrk ein Veg.
Men naar du ut vil glida,
eg er ikkje langt fraa deg.
Aa sjaa, aa sjaa deg fyre!
Vegen er myrk og glatt.
Men ljuv er ljosnande Morgon
alt etter den tunge Natt.”
Veslemøy vak med Glede
vil helsa si Syster god.
Daa lyste gjenom Rute
den fyrste Morgon-Glo.
Den sæle, kjære Syster
gleid burt i Ljosken linn.
Det drogst ein Sukk, som døydde
i vaknande Morgonvind.