Notti still, ved Sengjekraa
Veslemøy ser eit Kvende staa
i lange, myrke Klæde.
Hjaa henne ser ho Syster si
fager og ljos og aalvorsblid
med Smil av heilag Glede.
Ho kved so lint eit Kvæde:
“Statt upp, statt upp, du Syfter kjær!
No er du løyst til betre Ferd.
Høyr, Helgeklokka klingar!
Fraa alle Troll du laus deg vann.
Og i di Sorg deg fjølv du fann.
No upp mot høgre Ringar
din styrkte Hug seg tvingar.
Kom, fylg oss paa din nye Veg,
som upp or Myrkheim fører deg
til Ljos og klaare Dagar!
Den Stig er bratt, den Veg er lang.
Men ingen angrar denne Gang.
Um trøytt du stundom klagar,
til sist seg alting lagar.
Her ser du Visdoms Volve staa.
Ho vil deg gjeva djupt aa sjaa.
Ho vil di Fylgje vera.
Ho bér deg gjenom Helheims Gôv.
Der skal du skimta Livsens Lov
og gjenom Rædsle læra
det Verk, du hev aa gjera.”