Fram kryler ein kaapeklædd, gullfrynd Mann
med Reiv um sin bøygde Skalle;
Kaapa er sulka, som hadde han
i djupaste Dye falle.
“Aa Helvit-Herre, aa høyr mi Bøn!
Eg er ein Konge i Pine,
og deg eg søkjer um Hjelp og Løn,
for no er eg ein av dine.
Mange lika den lette Leik,
eit rolegt Land aa herja; ‒
eg gav meg Fanden og mansleg sveik
det Folk, eg skulde verja.
Men sidan rædde dei burt seg dreg
og lite signar Verke;
og Folke stirer stygt paa meg;
det ser Forrædar-Merke.
Aa tak det av meg, eg bed deg blidt,
du Øverherre sanne!
so atter eg kan lyfte fritt
mi høge Herskarpanne!”
Fanden skriv i Bofi hans Namn
og flirer av Hjartegrunnen;
so tek han den merkte Drott i Famn
og kysser han glad paa Munnen.
“Meinsvoren Munn hev ein Svovelsmak,
som altid eg lika kunde.
Og væl vere deg, som bar mi Sak! ‒
Eg trivst, der Folke er bunde.
No stend du skriven med Judas inn;
det er den øvste Æra.
Men Svidemerke paa Skallen din,
med det kan eg Inkje gjera.
Det maa deg fylgja i Liv, i Grav,
i Soge og Skuggeheimar;
d'er slik, det kan ikkje skollast av
i alle Helvites Eimar.
Men vil du ha Ros for ditt Svikarverk
og Reiven av Skallen binda,
so samla um deg det verste Herk,
du kan i Lande finna!l
Samla um deg Prestar og Pakk,
som lærde Eygn aa fanna! ‒ .
Dei kved deg i Kyrkja Pris og Takk
og høge Hosianna.”