Han Heilag-Per Aase i Verdi er glad, og Gardar og Jord eig han noko-kvar Stad, men nok hev han endaa kje fengje. Den Haugastadparten, som Gamlemor eig,
det er slik ein lettvinn og nibbeleg Teig; den lurde han etter so lengje. Og no kan han rekna det meste for sitt; han Enkja laut hjelpa med. Pengar so tidt,
daa Mannen aat Jordi var bôren. Med Rentur det vaks, som det var no hans Von, og no vil han Garden faa sett til Auktion, so tek han det heile til Vaaren.
Der sit han i Benken so stabben og tett og krever av Gamlemor heile sin Rett: “no kan eg kje lenger deg liva!” Den Gamle ho jamrar og veit seg kje Raad;
“aa arme mi Veslemøy, kor skal det gaa? No vil dei paa Bygdi oss driva!” Men støkkt maa ho stogga med Graat og med Skrik; paa Sengi ligg Veslemøy stiv som eit Lik,
og fælsleg ho skifter sin Hamlit. Bleik snur seg den Gamle til Kravsmannen hard: “ja no kan du faa baade Stova og Gard; men gakk so ‒ med Liv paa ditt Samvit!”
Han Heilag-Per sit der i Andlite graa: “Kva er det ‒ kva er det, ho stirer so paa? Ho ser noko! Ku, ein kan fæla!” ‒ “Aa Baane mitt arme, du tak' det med Ro!
Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo, ‒ skal so eg paa Bygderne stela!” Men Veslemøy kvæser med kavande Munn: “sjaa Draken ‒ sjaa Draken ‒ med Gap fom ein Brunn.
og Eldkam fraa Hovu til Halen . . . Aa Fader vaar . . . Jesus . . . som Djevelen batt . . .” ‒ ‒ Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt og stuper paa Døri som galen.
Cookies on Poetry Cove