Maanen sloknar i Havsens Eim nede i lægste Sud; Stjernur tryllte i Ørkesveim rapar fraa Himmelbru.
Vinter gufsar fraa Jotunheim yver Fjellom. Myrk seg sveiper den tunge Nott tett ikring trollsvævd Jord;
tomt i Stilla det høyrest Laatt, Dvergmaal og døyvde Ord. Lyftemann vaknar og Naa-Ljos blaatt yver Fjellom.
Skrattande Skrell av Hovsveins Lur gjeng ifraa Varde-Topp; graatt daa livnar i Ufs og Urd Krok og underleg Kropp.
Hit skal alt, som ned-under bur, yver Fjellom. Vinter-Ljose vaknar i Nord, tøygjer dei grøne Bogar,
jagar med Sus under Kvelven stor fram sine frosne Logar, skimrar som Sylv og Perlemor yver Fjellom.
Skifter, glimtar i vinraud Glans, ljosnar og av att fell; staalkalde Straalar i isbleik Krans skyt seg fram yver Fjell,
braar og bivrar som Sverd i Dans yver Fjellom. Ljosken vinn yver Varde, knyter seg der i Knut;
gøyser, velter sitt Bivreskin skiftande ut og ut. No stend Hallen tjeldprydd og fin yver Fjellom.
Daa no alting er so i Stand, blæs han paa nytt, den Sveinen; ‒ høgt med Brak kjem den svarte Mann, set feg paa Trone-Steinen.
Augo gløser som Glo og Brand yver Fjellom. Fram so glider dei Draugar, ranglar med sine Bein;
ein Gong gav dei seg Hin i Vald, maa no lida det Mein. Gravsong susar som Vinden kald yver Fjellom.
Kjem so den hoppande Haugbukk, Svartalv og svidde Dverg, Havtroll og Nøkk og den gule Gast og alle, som bur i Berg.
Hit dei hiver i Sjumils-Kaft yver Fjellom. Sist kjem Trollmenn og Kvende hit yver Aude-Heiar,
rid paa Limar og Staur og Stong, mullar so harde Eidar. Fælsleg gaular den Galdresong yver Fjellom.
So er dei famla, den heile Hop, baade fraa fyrr og no; full er Troll-Kluft og Svarte-Grop, stappa er Hekse-To.
faatt det rullar og Helsingsrop yver Fjellom. Og som Storm yver stride Hav vaknar den svarte Songen;
Tonar fraa Haug og Tonar fraa Grav helsar og hyller Kongen. Stig og strøymer og stilnar av yver Fjellom . . .
Cookies on Poetry Cove