Skip to content
1851–1924

Det syng

Arne Garborg

Linnver og Sus og skodde-vaatt. Maaneglyttar i sprengde Nott. Skodde maaneljos, mjølkekvit skuggelett velter hit og dit.

Skuggar vaknar og driver av. Susing syng fraa det stille Hav. Livet drøymer i Trolldoms Bann. Tung ligg Svevn yver Eand og Strand.

Veslemøy søv i sin Omnskraabenk. Linnt henne vekkjer ein Maaneblenk. Dvaledøyvd, magtlaus, or Svevnen raadd Skuggar ho skimtar i Maaneskodd.

Lett under Glas trippar Bukketraav. Vinden susar med Sukk um ov. Veks og voggar jom Tonebrus. Inn skjelv Song so linn og so fus.

Aa veit du den Draum og veit du den Song, so vil du Tonarne gøyma; og gilja det for deg so mang ein Gong, rett aldri so kan du det gløyma.

Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Du skal ikkje fæla den svale Nott,

daa Røterne gror ned i Jordi; du saag i Draumen det Maane-Slott og høyrde dei Leikar-Ordi. Det frævest i Blund,

det grønkar i Lund, og Dagen ei kjenner den Sæle-Stund. Du skal ikkje fæla den mjuke Nott, daa Draumen slær ut sine Vengjer

i linnare Ljos en Dagen hev aatt, og Tonar paa mjukare Strengjer. Det voggar um Li, det svævest av Strid,

og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid. Du skal ikkje fæla den djupe Nott, som søv under svivande Eimar og ser gjenom Gru og ser gjenom graatt

langt inn i dei draumhulde Heimar og voggar deg linn og lullar deg inn fraa Dagen den trøytte, av Soli blind.

Du skal ikkje ræddast den Elskhug som syndar og græt og gløymer; hans Famn er heit og hans Hug er mild, og Bjønnen arge han tøymer.

Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Det syng · Arne Garborg · Poetry Cove