Skip to content
1851–1924

Den som fekk gløyma

Arne Garborg

Den minste Minning, eg um deg møter, so tungt det tek meg, so saart det grøter; det minste Orde, eg høyra maa, ‒ med Hjartegraat gjeng eg derifraa.

Eg skulde aldri den Suti gøyma, naar so det var, at eg maatte gløyma; eg skulde aldri gaa sjuk i Kring, naar eg fekk gløyma den eine Ting.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Den som fekk gløyma · Arne Garborg · Poetry Cove