Skip to content
1851–1924

Den snilde Guten

Arne Garborg

Det er han Jon, som gjætte her til no, den eldste Son hans Aamund burt i Brôte; dei øygnar Garden just burti ei To, som hev seg inn i bratte Berge skote.

No er han glad, for her han skal ifraa; han er alt vaksen og skal ut og slaa. Hans unge Andlit er so godt og rundt, med ljose Luggen tett um Panna vunden;

paa Lippa gror eit Dun so lett og tunt, og kvite smiler Tennerne i Munnen. Som Hilling lett han hoppar Stokk og Stein og synger kvat og lær aat alle Mein.

No skal han fylgja denne fyrste Ykti og visa henne Deg og Merke-Lei, so ho kan kjenna denne ville Hei, som aldri noko Folk hev butt hell bygt i.

Med nye Buskap maa ho og bi kjend; til Framand seint vert Dyrehugen vend. So driv dei Buskap fram i Morgon klaare, i Luft so rein som aldri fyrr ho saag;

det er som Ur og Koll forsonad laag i Glans av dette Ljos fraa Himlen børe. Ho drikk den lette Luft i djupe Drag og sugar Liv av denne Herrens Dag.

Han syng og blistrar, driv, og stundom røder, halvt gutebljug, halvt mansleg klok og kaut; det gjeng um Ver og Vind og Sol som gløder, um Fjelli her og desse snille Naut.

Han mangt fortel um kvart og eit av Dyri. Men mest han veit um “Dokka”, Bjøllekyri. Og fri og glad og reint som kjend ho blir og svallar med i denne gode Trygdi;

han hev kje denne halve, kalde Flir som desse tunge Gutar nedi Bygdi. Han nemner henne beint og godt og greit; Haugtusse-Namne visst han aldri veit.

Han syner henne Gjætle-Berg og Bekk og Svartedalen lang med Kvervesteinen, om stundom snur seg, plent som Eiv han fekk, og Skare-Ufs, der Farfar hans skaut Reinen.

nen der i grøne, svale Bjørkeli, er hev det eingong vore Bjønnehi. Ho spør som halvt i Skjemt, um her er Troll; “aa ja,” han svarar utan Spott i Tanke,

“det bur nok sumt i baade Kuv og Koll; men meir det sviv ikring paa Videvanke.” Og no ho vita fær, at Jon er klok; han grev i Kufta si og finn – ei Bok.

‘“Kan henda trur du kje at slikt kan finnast?” ‒ det kjem eit Mistru-Drag um Munnen fjaag ‒; “men meir en ein eg veit, som væl kan minnast, at slike Ting han klaart med Augo saag.

Og her i denne Bok, eg eingong fann, du skal faa sjaa, at denne Tru er sann.” Det er so knapt ho kan si Glede styra. Att-under Stein dei set seg baae tvo;

her Ku og Smale gjeng so godt i Ro, so no dei kan seg trygt med Runskap hyra. Ho ser paa Jon med mjuke Augnelag. At Dreng kan vera ven ho veit i Dag.

Han les i Boki, svart som bakt i Jord, so radt og greidt, han tarv mest aldri stikta; der stend um Nøkk og Troll med reine Ord, og daa me veit, det kan kje vera dikta.

Kvart Ord ho syp og Iver trutt og ant og lær og ropar: “sjaa, um d'er kje sant!” No kan dei lengje nok faa læ og flira; det stend i Boki, og han Jon det trur!

‒ So glade sit dei saman der i Ur, og Sogur gjeng, og der tarv ingen fira. Og Nistematen faman gneg dei paa; Jon sit og sit og gløymer reint aa gaa.

Med Undring høyrer han det store Ord, at um han Tagnad tru vil ærleg lova, so er ho sjølv av desse faa paa Jord, som hev den underfulle Synegaava.

Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt. Og alt ho no fortél. Han er som trylt. So lid det til; dei tenkja maa paa Klokka. Det er alt seint; ho er visst mote sju.

For siste Gong han helsar Sau og Ku og kjæler kjærleg for den blide “Dokka”. So maa han gaa. Aaleine stend ho der. ‒ Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Den snilde Guten · Arne Garborg · Poetry Cove