Heil sitje du og sæl,
du Hovding høg i Hel
og Drott paa Jord.
Ver sterk og stor og fræg!
Gakk staut din Sigers Veg!
Legg Derdi under deg
fraa Sud til Nord!
Gjev kvar din Uven maa
paa Jordi bannstøytt gaa
forutan Trygd!
Men den som gjev seg deg,
lat han faa magga seg;
gjer lett hans Ljugarveg
til Heir og Høgd!
Daa ber me deg i Famn
og bannar ved ditt Namn
tri Gonger tri.
Tri Gonger tri du er
vaar Hovding her og der!
Du eig oss, kor me fer
i allan Tid!