Skip to content
1851–1924

Dømd

Arne Garborg

Det kveldar um Haust yver laage Land. Eit Havbrak vaknar ved Nordan-Strand. Blaakalde Skyer kviler i Vest. Dagsens Auga sloknar og brest.

Myrarne søv under Taake-Feld. Aasus varslar i stille Kveld. Trolldom lurer i Jordflags Eim; ‒ Veslemøy hastar med Smalen heim.

Men nede paa Bøen, ved Elvestrand saag ho ein underleg, gamall Mann. Knebrok had' han og Kufte sid; høyrde kje heime i denne Tid.

Daa fekk ho so hjarteleg vond ein Kvekk; ho kunde kje koma av tverran Flekk. Men Mannen tusla paa Elvebard der attum den eldgamle Skiftesgard.

Tusla og stræva forutan Ro, sleit og lyfte, men Garden stod. Lyfte og sleit utan Ro og Rast, men Steinarne laag som i Muren fast.

Daa skreik han og grét av Barmen trong, skreik og grét, til det vart som Song. Eg hev som vigde Mammons Træl for vesal Vinning selt mi Sjæl;

for dette arme Stykkje Jord eg fraa meg Fred og Frelse svor. No finn eg aldri Heim og Hamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Den ut er dømd or Himmerik', som her i Verdi gjorde Svik; han misste Ord, han misste Tru og kan kje millom Vener bu.

No veglaus driv min brotne Stamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn! Eg gjekk som ærelause Svein og flutte denne Deildestein;

eg braut mitt Ord, eg braut mi Tru og kan kje millom Vener bu. Eg finn kje Fred og Faderfamn, Gud hjelpe meg i Jesu Namn!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.