Aa Stakkar kor du kulsar, du snilde Sauen min,
i dette Ruske-Regne og denne vaate Vind! –
Der under Alve-Steinen, der er ei Livdekraa;
der fær du inn-aat kryla og prøva, um du maa
Lindring faa.
Men Kui ho vil heim att; det er so stridt eit Jag;
ho hev kje Fred i Marki paa slik ein Regnversdag.
Men tomt det er i Løa; kva ska me gjera der?
Me fær no helder stogga og freista, um me fær
noko her.
Attunder Rundehaugen, der er kje fullt so stridt;
der fær me trøyta Tidi, du gode Buje mitt!
Og kanskje Huldri slepper oss inn ei Stund hjaa seg;
ho veit kor vondt me lider i Dag paa Gjætle-Veg,
de som eg.
Alt tek det til aa renna ned etter Ryggen min;
ufyse er det vaate innpaa det varme Skind!
Og Foten sokk i Myri, og Hôl der er paa Taa,
og vaat og tung vart Stakken; aa snilde Ku, du maa
roleg gaa.
Eg frys so snart eg fær vel min Styng innunder Barm;
daa lyt eg heim meg skunda til Mor i Stova varm.
Daa fær eg skifta Klædi og kvila meg ei Stund,
og de fær Mjøl og Syddre og gode, varme Brunn
aat svoltne Munn!