Nei sjaa, kor det blaanar her! No maa me roa oss, Kyra! Aa nei, slike fine Bær, og dei, som det berre kryr a'!
Nei Maken eg hev kje set! Sumt godt her er daa tilfjells. No vil eg eta meg mett; her vil me vera til Kvelds!
Aa nam-nam, so søtt og godt! Ja naar det slik seg lagar! ‒ Og allestad blaatt i blaatt! Her hev eg for mange Dagar.
Slik Smak so frisk og so fin! Eg er som paa Kongens Slott. D'er plent som den beste Vin; aa nam⸗nam, so søtt og godt!
Men kom no den Bjønnen stor! ‒ Her fekk bli Rom aat oss baae. Eg torde kje seia eit Ord til slik ein røsjeleg Vaae.
Eg sa berre: ver so god! no maa du kje vera bljug! Eg lét deg so væl i Ro; ta for deg etter din Hug.
Men var det den Reven rau, so skuld' han faa smaka Staven; eg skulde banka han dau, um so han var Bror til Paven.
Slikt skarve, harmelegt Sleng! Kan stel baade Kje og Lam. Men endaa so fin han gjeng og hev forkje Agg hell Skam.
Men var det den stygge Skrubb, so arg og so hôl som Futen, eg tok meg ein Bjørkekubb og gav han ein god paa Snuten.
Han reiv sund Sauer og Lomm for Mor mi so traadt og tidt; ‒ ja sant! um han berre kom, so skuld' han so vist faa sitt.
Men var det den snilde Gut der burte fraa Skare-Brôte, ‒ han fekk vel ein paa sin Trut, men helst paa ein annan Maate.
Aa Tøv, kva tenkjer eg paa! Det lid nok paa Dagen alt . . . Eg maa til Buskapen sjaa; ‒ ho Dokka drøymer um Salt.
Cookies on Poetry Cove