Denne nyfødingstid
ho er mi, ho er mi.
Og alt gamalt er bytt,
det er nytt, det er nytt.
Aa, det leikar og lær
kor eg fer, kor eg fer.
Og det kvitrar og syng,
ja det syng og det syng.
Nei kor bekkjerne smett,
aa, so lett, aa, so lett!
Og det syd og det svell
dag og kveld, dag og kveld.
Ja, eg kjenner det no:
det vil gro, det vil gro!
Eg er med paa eit kvad,
eg er glad, eg er glad.
Og det droplar fraa kvarm, ‒
eg er varm, eg er varm,
og forunderleg saar:
det er vaar, det er vaar.
Eg ser soler som glør,
eg er ør, eg er ør.
Hjaa Gud fader er fest,
eg er gjest, eg er gjest.