Syng no, klokkor! Jolebode
ljome yver land og strand!
Fred i hugen, fred paa jordi,
godhug millom mann og mann!
Ring inn jol i alle hjarto,
frygdarbod i kvart det sinn!
Ljome lydt um englesongen,
so han veg til hjarto finn!
Fader vaar! lat himmeldraumen
dagleg verta meire sann:
fred i hjarto, fred paa jordi,
godhug millom mann og mann.
Hat og hemn or hjarto brenne,
live gro i Kristi namn!
Alle hjarto freden kjenne,
freden i Guds faderfamn!
Fred paa jordi, sæle tanke!
ulv og lamb paa gras i lag.
Adams born er systkin vortne,
natti vorti er til dag.
Liv i heile vene stordom, ‒
d'er ein draum, ei bøn, ein trong.
Klinge klokkor! syng i hjarto
at det koma skal ein gong!
Ring og syng med tusund voner
um at verdi skal bli ny,
alt det gamle vera umme,
jordi bli ein himmelsk by!