Med roti det rotne maa rivast,
skal nyvokstren grorfeste faa,
og just for han ikkje maa livast,
me vondskapen fullt skal faa sjaa.
Og difor me misser kje mode,
um synder og saar tér seg fram.
Ein gong skal me friskna i blode
og skjota den ureine ham.
Lat hanen paa helgrindi gala,
lat helhunden yla og gøy!
Lat Loke so løynskeleg tala
mot Odin og Aasgard ‒ og døy!