Eg hunger meg henta,
med sæla eg venta
langt burte fraa livande kjeldor.
Det sveid og det brende
med ank utan ende
langt burte fraa livande kjeldor.
Eg skunda og skunda,
eg stunda og stunda,
eg lengta til livande kjeldor.
Det kom som ei baara,
det losna ei taara
av lengt etter livande kjeldor.
Og alt det som brende,
til sæla seg vende
i livd attmed livande kjeldor.
Det Kristus fær vatna,
lyt friskna og batna:
hjaa han er dei livande kjeldor.
Hjaa han kan det livna
med tirande trivnad:
han opnar dei livande kjeldor.