Og tanken han leikar i hugen so glad,
og hugsvivi lyfter paa livnande kvad.
Dei hiver seg ut i det djupe og blaa,
der ingen kan skila og ingen kan sjaa.
Og tanken han slepper den jordbundne tyngd,
og klæder seg inn i ei æveleg yngd.
So stig han med hugsviv til himmelske land,
og laugar seg sæl ved ei straalande strand.
Men hugsvivi sigler seg endelaust av
med heile den fimleik Vaarherre dei gav.
So lette som draumen hjaa barne dei er,
og lettleg dei kjem fraa si leikande ferd.
So lette som draumen dei var daa dei för,
og vender attende med ufødde ord,
med liten paa vengen av djupner dei saag,
med ornen fraa lande der livskjelda laag.