I.
Eg høyrde kalde, beiske ord
um Noreg, um mi eigi mor.
Det hitna daa so tung ein harm,
det skalv igjenom hug og barm.
Ein lovnad braut og brann seg ut:
Mi mor, eg vera vil din gut!
Og difor bed eg vent at du
maa alltid hava til meg tru!
For aldri kan eg vera glad,
og aldri kan eg kvile ta,
fyrr du hev skjemdarflekken av:
eg balar til eg sig i grav.
l lufti høyrd eg som ein om,
det lét so underleg ein ljom.
So glad og sæl eg skyna daa
at fedralande sende bod,
eit bod som denne helsing bar :
i denne stund eg köra var
te hjelpa til der lukka gror
for Noreg, for mi eigi mor.
Daa glødde det ein eld so varm,
og taaror smette utum kvarm.
Ei bøn eg bad forutan ord
for Noreg, for mi eigi mor.
II.
Paa vakt for fedralande daa
som brør og systre vil me staa!
Paa vakt for heim og vigde jord,
for Noreg, for vaar eigi mor!
Me gjev det beste som me eig,
med hugen varm og viljen seig,
me gjev oss sjølv til megingjord
for Noreg, for vaar eigi mor.
Og so kan henda me fær sjaa
at Gud vil gjenom lande gaa,
og gi ei framtid rik og stor
til Noreg, til vaar eigi mor.