Kvelden var komen, arbeide ende. Men tomt det vert i tune, naar besten er burte.
Ingen hev ord for den saare saknad. Sjeldan ein saag so ven ein vokster:
stillt vart du stor. Du ynskte kje æra. Blygare barn veit ikkje verdi av.
Men hjelp laut du gjera. I blode ditt banka folke si framtid. Tankarne tok deg,
og draumarne drog. Med uro og otte det song gjenom sinne um ugjort arbeid.
Kalle kom og vigde deg til verke som aldri eldest. Og dag og døger
du stræva og stridde, aldri du aatte kveld elder kvild. Leidi du la
og vegen du viste: heimen er høvelegt sæte for sonen, fest av far,
mjuk etter mor. Noreg laag nede, og heimen vart hædd, tunga tagna,
og dagen døydde. Noreg vert nytt, og tunga seg tvættar. Merke aat mor
bar Ivar Aasen. Stor var stundi daa i stova di eg stod, herlege hovding!
Kjær du var i kjømdi, og mjuk i mæle; elsk det anga av ordi dine alle.
Sælt det var aa sitja hjaa Ivar Aasen. Heimen din her var liten og laag.
Alt du ofra som lokka og lo um din eigen aare. Kjærleiken kom
og bylgja i barmen usegjande søtt. Men du ôta deg undan; du lyda laut:
du var kôra og kalla til nybyggjing for Noreg. Streng er den sterke livsens lagnad.
Men no er det nytt: ein heim deg hyser i heilag herlegdom som ingen hev augna
og tanke ei tenkt. I æveleg ungdom du inn er sveipt av venen du vann
med verdi du røynde. Og til æveleg yngd du inn er leidd i halli den høgaste
her i live: folke ditt fagnar deg, ungdomen elskar deg. Heim du fær i hugen
som beste barne. For mann og møy søtt skal det syngja: Ivar Aasen.
I tunge timar og store stunder søtt skal det syngja: Ivar Aasen.
Ein gong skal alle inn for domen. Morgon og middag og midt paa natti
kallar klokkorne dei kôra heim. Herlegt aa høyra som lvar Aasen:
Dagsverke dugde. Hugvarme hovding! fint vil me fletta deg ein krans um kruna,
av bjørk og bendel og lyng or lidi. Ven skal han vera, av elsk skal han anga.
Far vel, far vel! klokkorne klagar. Og barmen min bivrar: far vel, far vel!
Fraa tusund som tegjer i sorg og saknad andar det etter deg ei taarevarm takk:
far vel, far vel!
Cookies on Poetry Cove