Det taarnar seg for augo,
um øyro blæs det kaldt;
du vert so reint til inkjes
i dette store alt.
Det gjeng so hardt i hugen,
du veit kje upp eld' ned;
du jamrar deg og græter,
og bed um ljos og fred.
Og verdsens vise talar
so vent um ljos og fred,
og mykje klokt du høyrer
um livsens maal og méd.
Du fangar det, og tenkjer
at visdomen er din,
men merkar inst i hugen
ein verk so lett og linn.
Men lenger lid han aukar;
du still og sturen fer;
ein skoddeheim er live,
der aldri soli er.
Daa lyser som ein loge
til inste hjartegrunn;
det er ein himmelboge,
eit ord fraa Jesu munn.
“Vert barn igjen!” sa Jesus.
Det livnar dette ord,
og tinar frosne hjarta,
som soli tela jord.
Den verken inni hugen
det var di barnerøyst,
som fyrr var klemd og bundi,
men no av himlen løyst.
Og so du gjeng til honom
som smilte til deg fyrr.
Og han, han smiler endaa,
og opnar himlens dør.
Du gledest og du smiler:
det var som soli rann.
Du smiler og du gledest:
for egte gull du vann.
Du smiler og du gledest:
det var som soli rann.
Du gledest og du smiler,
for ljos og fred du fann.
Og himlen flør i hugen,
med kraft fraa Kristi ord,
d'er fred fraa Gud du kjenner,
det beste her paa jord.