Skip to content
1867–1942

Arne Garborg

Lars Eskeland

Den som fekk drikka hjaa Odin i Aasgard, lyt rita dei runer som Allfar han unnte.

Naar Allfar elskar med ovstor kjærleik, og vel ein ven som eit verk skal gjera

so minne kan liva um mannen er burte, daa andar han si eigi uro i barmen hans,

og sin heite hunger etter havdjup visdom, og lyser han utlæg i alle land:

Fri skal han fara, fullt skal han syngja um sorg og saknad, og um sæla som livnar

naar stort ein stend i den gode strid. Suti og sorgi sku' suga og verkja

til merg og møne, so malmen vart røynd. Det anka seg inni deg, ovleg leid du,

naar jammeren paa jordi i hjarta ditt sveid. Men høgste herlegdom som heimen kjenner,

den allgode etla deg, Arne Garborg: æveleg eld i aandi logar,

i tyngste trengsl det tonar i hjarta. Yver hav og heid og til helvites ned

du skoda; du skalv, og det skurra i mæle. Det vonde i verdi var verr' en du ottast:

Ratatosk rende, og Nidhogg rispa; Balder kom burt, og basen var Loke.

Mann for med meinsord, møy for med svikord : æra og elsk dei alle spillte.

Heimen sin hædde dei, og heidren dei sulka; i kiv og i kjakl dei kjærleiken øydde.

Men anna for augo den allgode gav deg, og dei brenn under brun og blenkjer og skin.

Dei vidkar seg vent, naar von fell i barm av det sæle og søte som syne fangar.

Yver hav og heid og til himmels du ser. Og daa eimar ordi av heilag eld,

som tinar og tøyar dei tankar som fraus, ‒ og det droplar og dryp til ein draumfager vaar.

Lint som naar luren i lidi lokkar, søtt som naar sysvort ved soleglad syng,

blidt som naar barne vert byssa paa morsfang, det saare og sæle syng or barmen din.

Men stendigt du stundar, aldri du stansar; paa vidderne vankar han, din vidræsne hug:

du leitar etter lukka i live og i dauden. Vak som ørni, med vidsyn i auga,

gjeng du og vaktar paa vokstren i lande. Og alt du augnar, baade øyding og livsgror,

alt du augnar ‒ og du elskar deg til blods. Men me elskar deg att, Arne Garborg!

Tusund takkar for dei tunge tak, for vakti du var og alt du vekte.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Arne Garborg · Lars Eskeland · Poetry Cove